Barn som er smitta av m-koppar ventar på behandling ved ein helseklinikk i Munigi aust i Kongo.
Foto: Moses Sawasawa / AP / NTB
WHO: Ingen grunn til panikk – m-koppar er ikkje det nye covid
Uavhengig av kva variant det er snakk om, er ikkje m-koppar det nye covid». Vi veit korleis vi skal kontrollere det, seier WHOs leiar i Europa.
Hans Kluge, WHOs regiondirektør for Europa, understreka likevel alvoret i utbrotet:
–Vi kan og må takle m-koppar saman, sa han på eit pressemøte tysdag.
Han understrekar at det fram til no berre er registrert eitt tilfelle av den nye m-koppe-varianten i Europa – i Sverige førre veke.