Vinter og flotte forhold høgt til fjells
Vintermånaden januar viser seg frå ei grøn side. Men det er også mogeleg å få snø under skia i Grannar-distriktet, som denne gjengen erfarte.
Haugesund turistsesong opna i helga tursesongen 2020, blant anna med open kafé på Olaia fjellstove. Turleiar Harald Selsås, tok eit følgje med seg og drog austover i Etne kommune for å finna skiforhold.
Målet var Simlebu-hytta overfor Rullestad. Selsås fortel om ein fantastisk tur, med mykje snø og gode skiforhold. For sjølv om det er grått i låglandet, er det vinterleg lenger oppe og innover i distriktet.