Det er den øvre delen av bygget det no snart skal byrjast på. Illustrasjon: Isvik Brygge AS
Vil revitalisere sentrum
Terje Kleiven tar sats og bygger 16 leilegheiter, der av fleire med sjøutsikt, i Isvik sentrum. Han håpar dei kommande bebuarane kan flytte inn neste sommar.
— Dette blir ei kraftig oppgradering av sentrum, meiner Kleiven.
Utbygginga er organisert gjennom selskapet Isvik Brygge, kor den Skjold-busette sogningen sitt med 51 prosent av eigarskapen, mens Jon Rødder og Andreas Helland eig 24,5 prosent kvar.
— Dei er erfarne i byggebransjen og har bygd på blant anna Stord og Vedavåg. Me har eit godt samarbeid, seier han.
Forskjelleg storleik