Ølen kan miste snøggbåt-tilbod. Det håpar det politiske mindretalet i Vindafjord å unngå.
ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Vil redde snøggbåt og ferje i Vindafjord
Det politiske mindretalet i Rogaland, beståande av Raudt, Ap, SV og INP, går inn for å oppretthalde Ølensambandet og ferja frå Bjoa. Naomi Wessel (R) håpar fleirtalet vil gjere det same.
— Me kan ikkje spare oss til fant, seier Naomi Wessel (R) like etter at opposisjonspartia har kome fram til eit felles forslag torsdag.
— Viktig for regionen
Wessel er Raudt sin einaste representant i fylkestinget i Rogaland. I tillegg til fylkestinget sit ho i bystyret i Haugesund, samt et vararepresentant på Stortinget.