Når nye el-ferjer tek over Skånevik-Utåker-sambandet frå nyttår, vil Skyss kutte ut ein av to avganger om morgonen.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Vil kutte pendlaravgang
I dag er det 15 daglege avgangar mellom Skånevik i Etne og Utåker i Kvinnherad på kvardagar. I samband med omlegging frå fossilt drivstoff til elektriske ferjer frå 1. januar neste år vil ein grunna behov for ladetid bli nøydd til å kutte talet på avgangar. I eit brev datert 5. juli gjer det fylkeskommunale samferdsleselskapet Skyss greie for nye rutetider. Der går det fram at talet på avgangar frå Skånevik blir redusert til 12.
For ein som bur på Husnes og jobbar i Skånevik eller Etne betyr det at ein må starta på jobbreisa allereie klokka 5 for å nå fram til arbeidsplassen i tide.
Siri Klokkerstuen, ordførar i Etne (Ap)