Energi
Vil ikkje stoppe biogassanlegg no
— Kommunedirektøren meiner at kommunen ikkje bør saksbehandle saker før all relevant informasjon er lagt fram. Det er ikkje tilfelle i denne saka, skriv kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i saksinnkallinga til kommunestyremøtet tysdag 30. september.
Som respons på Biovind AS sine planar om å byggje ein biogassfabrikk på industriområdet på Nerheim i Ølen, starta Tore Tverå eit innbyggjarinitiativ. Forslaget, sendt til kommunen av Tverå 10. mai, fekk 214 signaturar – langt over dei to prosentane av innbyggjarane som kommunelova krev for å reise saka. Initiativtakarane ber kommunen seie eit tydeleg nei til etableringa av anlegget.
I sitt forslag til vedtak skriv kommunedirektøren at han tilrår at innbyggarforslaget ikkje blir teke til følgje, og at saksbehandling av det planlagde biogassanlegget følgjer den ordinære saksbehandlingsprosessen etter forureiningslova, plan- og bygningslova og storulykkeforskrifta.
Fryktar konsekvensar
I innbyggjarinitiativet blir det peikt på fleire bekymringar ved etablering av eit biogassanlegg: luktproblem, støy, helserisiko, trafikkfare, og at Ølen som regionsenter vil bli mindre attraktivt. Særleg erfaringane frå Stord, der Renevo sitt biogassanlegg vart stengt kort tid etter opning, blir trekt fram.
— Me meiner eit biogassanlegg må liggje milevis frå busetnad, og Ølen sentrum er derfor heilt ueigna som lokasjon, står det i innbyggjarinitiativet.
Følgeleg ber dei Vindafjord kommune om å seie nei, og Statsforvaltaren og Biovind om å finne ein ny og betre lokasjon for biogassanlegget. I samband med behandling av høyringssvar frå Vindafjord kommune for Biovind si søknad om utsleppsløyve for biogassanlegg på Nerheim, vedtok formannskapet 3. juni at:
- Parallelt med søknadsprosessen vert kommunedirektøren beden om å gå i dialog med Biovind AS om å vurdere alternative lokasjonar for anlegget.
- Parallelt med søknadsprosessen vert kommunedirektøren beden om å arrangere eit besøk på eit biogassanlegg i drift. Anlegget må vera samanliknbart både når det gjeld storleik og råstoff. Kommunedirektøren kjem tilbake til formannskapet med ein plan for gjennomføring av dette.
På eit møte mellom Biovind og kommunen 1. juli formidla Biovind at dei vurderer at det ikkje finst reelle alternativ til plassering i Vindafjord.
Ventar på søknad
I si saksutgreiing viser Folven Bergesen til kommunen sin uttale til Statsforvaltaren si behandling av utsleppsløyve etter forureiningslova. Der har kommunen signalisert si haldning og uttrykt forventingar om kva krav Statsforvaltaren må legge til grunn for si saksbehandling.
— Vidare må Biovind søkje om byggeløyve etter plan- og bygningslova. Den søknaden skal behandlast av kommunen, skriv kommunedirektøren.
Han vurderer det slik at kommunen har tilstrekkeleg høve til å ta stilling til anlegget gjennom ordinær saksbehandling etter plan- og bygningslova. Behandling av byggesaker er, etter gjeldande delegeringsreglement, delegert til administrasjonen.
Vindafjord kommune har ikkje motteke byggesøknad for anlegget enda. Kommunen har difor ikkje meir informasjon om anlegget enn det som ligg føre i søknaden etter forureiningslova. I si konklusjon tilrår Folven Bergesen at innbyggjarforslaget ikkje blir teke til følgje, og at søknad(ar) knytt til anlegget blir behandla etter relevant regelverk.