Øyvind Valen (Ap) vil at andre investorar skal sleppe til i Windafjord Port. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Øyvind Valen (Ap) utfordrar ordføraren på kva som skjer i Dommersnes-saka.

Havvind

Vil ha svar om Dommersnes

Publisert Sist oppdatert

— Til formannskapsmøtet ber eg ordførar setja opp Utviklinga i Dommersnes-utbygginga» som eiga sak, eventuelt som orienteringssak. Ei eiga sak, eventuelt orienteringssak, er viktig slik at alle kan koma til orde på møtet, skriv gruppeleiar Øyvind Valen i Ap i ein e-post til ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen måndag.

I møtet håpar han på nærare orientering frå ordførar eller kommunedirektør.

Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikla Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa. Vindafjord kommune og Westcon Yards eig kvar sin halvdel.

Stussar

Bakgrunnen for Valen sitt initiativ er at styret i Windafjord Port sist veke vedtok å utsetja oppstarten av fase 1 på Dommersnes. Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes til potensiell serieproduksjon for havvindnæringa og omhandlar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta meir areal i bruk, medan fase 3 kan omfatta alle dei over 500 måla som er regulerte til industri og vil krevja at Vikevegen blir lagt om.

Valen viser til omtalen av fase 1 i selskapsavtalen mellom Westcon og kommunen. Der står det:

Ved oppstart av fase 1 kjøper selskapet etter planen den kommunale eigedommen på Dommersnes til ein verdi lik takst, 60 millionar, og det blir oppretta ein seljarkreditt for kommunen. I fase 1 forpliktar Westcon seg til å forestå planering av 40–50 mål av eigedommen til same nivå som dagens kaiområde for eiga rekning. Verdiauken eigedommen får som følgje av dette arbeidet tilhøyrer Westcon, og skal kunne konverterast som eit kapitalinnskot inn i selskapet.»

Gruppeleiaren legg til grunn at eigedommen enno ikkje er overført til selskapet sidan Westcon ikkje har gjort sin del.

— Tidsaspektet og informasjon til kommunestyret er noko me stussar på, skriv Valen.

Han viser til at i kommunestyret 24. september kom styreleiar Per Bjørn Habbestad og dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port med ei statusoppdatering. Korkje utsetjing av fase 1 eller kapitalforhøging var tema. Før det var gått to veker, kom søknad om kapitalforhøging som blei handsama i formannskapsmøtet 15. oktober og i kommunestyret veka etter. Selskapet fekk tilført 5 millionar kvar frå kommunen og Westcon.

— Heller ikkje då kom det fram at den eine eigaren ikkje skulle gå inn med sin hovuddel av avtalen før seinare. Deretter går det mindre enn to veker etter kommunestyret sitt vedtak før det kjem melding om at fase 1 blir sett på vent, skriv gruppeleiaren.

Styreleiar Per Bjørn Habbestad og dagleg leiar Jørgen Jorde (bak) i Windafjord Port informerte kommunestyret om framtidsutsiktene til selskapet 24. september.

Beklagar utsetjing

Ap har vore positive til planlegginga som skjer for å sjå moglegheita for å tilretteleggja for havvindturbinbygging. Valen poengterer at partiet samtidig ved fleire høve har vore tydelege på at ein ikkje kan ha investeringar på godt over milliarden utan at det ligg avtalar i botn. Slik sett forstår dei uroa i styret, og partiet forstår at ein er forsiktig med fase 2 og 3.

Når det gjeld fase 1, har Ap sett på dette som noko som skal gje betre tilrettelegging av industriområdet som ligg der i dag. Dette industriarealet har eksistert i 40 år, og gruppeleiaren meiner at ein ikkje har fått så mykje ut av det som dåtidas kommunestyre ønskte. Ap har tru på at selskapet kunne fått meir ut av arealet dersom det var tilrettelagt i tråd med avtalen, og dette gjeld sjølv om det ikkje skulle bli utbygging av fase 2 og 3.

— Me beklagar difor utsetjinga, skriv gruppeleiaren.

Denne illustrasjonen viser korleis ein ser for seg tomta til fase 1 på Dommersnes når den er klargjort.ILLISTRASJON: HELGESEN TEKNISKE BYGG AS/WINDAFJORD PORT

Fleire spørsmål

Spørsmålet vil ifølgje Valen no bli om styret einsidig kan bestemma at den eine eigaren ikkje treng fullføra sin hovuddel av avtalen, og om dette får konsekvensar for selskapet. Han stiller også spørsmål ved om selskapet har gjort greie for korleis drifta skal vere framover, om det er leigeinntekter på arealet, eller om det skal liggja ubrukt i påvente av endeleg avgjerd.

Dersom ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) ikkje ønskjer ei orienteringssak eller ei ordinær sak i formannskapet, har Valen eit par grunngjevne spørsmål som ordføraren kan svare på i møtet. Spørsmåla lyd:

  • Korleis blei kommuneleiinga teke inn i drøftingane før vedtaket frå styret i Dommersnes AS blei gjort? Kva er synspunktet på vedtaket?
  • Korleis ser ordføraren på situasjonen i selskapet dersom det drøyer eitt år/to år/fem år før Westcon fullfører sin del av avtalen?
Powered by Labrador CMS