Yvonne Sandgren og resten av styret i Etnesjøen grendeutval er klare for å arrangera marknadsdag på torget i Etne. Eit tiltak for å skaffa pengar til det nystifta grendelaget.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Vil ha liv på torget
Det heilt ferske grendelaget i Etne sentrum blei skipa rett før påske, og no har dei starta jakta på litt klingande mynt.
— Eit heilt nytt grendelag har ikkje ei einaste krone på kistebotnen, så nå vil me prøva å skapa noko kjekt her i Etne sentrum som i tillegg gir oss litt startkapital, seier Yvonne Sandgren som saman med Aslaug Mala, Helene Teigland, Jostein Osnes og Ole Martin Grindheim utgjer styret i Etnesjøen grendeutval.
Konkurransar og sal