Sveinung Rotevatn frå då han var å fiska i Etneelva i 2021. Arkivfoto
Vil ha full konsekvensutgreiing om sjø- og jordkabel
— Me er mange som er svært bekymra over den nye 420kV høgspentlinja som skal byggast i nærområdet vårt i Etne kommune. Store delar av lokalbefolkninga i kommunen fortvilar og er skuffa over Statnett si manglande konsekvensutgreiing for sjø og jordkabel, skriv gruppeleiar i Etne Venstre Kristin Golf i ein e-post til Grannar måndag.
Vil skåne naturen
Som følgje av eigen og lokal bekymring har Etne Venstre bedt stortingsrepresentanten sin Rotevatn ta opp saka med olje og energiminister Marte Mjøs Persen. Dette har Rotevatn følgd opp, og i eit skriftleg spørsmål til Mjøs Persen har han skrive: