Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Framfor restane etter den gamle Vindafjordhallen er Stig Hatteland tydeleg på at den nye symjehallen og bygdahuset ikkje må bli eit sånn halvveis bygg. Foto: Svein-Erik Larsen
Stig Hatteland har engasjert seg sterkt for at det nye bygget i Vats skal bli mest mogleg attraktivt. Her framfor restane etter den gamle Vindafjordhallen.

Vil ha eit skikkeleg bygg

Publisert Sist oppdatert

— Skal ein først bygge det, må ein få eit godt bygg som folk har lyst til å bruke, seier Hatteland.

Han poengterer at dei andre bassenga i regionen som ein vil konkurrere med har godt besøk. Som næringslivsleiar har han erfaring med at ein ikkje kan investere halvvegs og vente seg eit topp resultat. Derfor legg Hatteland gruppen tre millionar kroner på bordet til å realisere ei sklie i bassenget, noko Stig Hatteland meiner bør vere med frå dag ein.

— Det handlar om attraktiviteten. Eg ser at det er ein kostnad, men ein må vurdere det opp mot det ein får igjen, seier vatsbuen.

Formannskapet vedtok at det blir lagt til rette for framtidig installasjon av sklie og plaskebasseng. Sklie med tilhøyrande teknisk anlegg er kostnadsrekna til om lag sju millionar eksklusive moms, mens prisen på plaskebasseng er to millionar. Stig Hatteland trur det finst andre i Vindafjord som er villig til å bidra til at ein får realisert sklia.

Skyv ansvaret

Vedtaket til formannskapet som opnar for å revurdere om bygget sine hovudfunksjonar og sentrale tekniske installasjonar kan behaldast, dersom det ikkje kjem inn nok pengar frå ekstern finansiering eller dugnad for å halde kommunen sin eigenandel nede på 48 millionar fekk Hatteland til å skrive eit lesarinnlegg.

— Det var fokuset på at Vats skulle hente inn pengane som provoserte meg. Hadde dei sikta på heile kommunen hadde eg skjønt det betre, seier Hatteland.

I formannskapsmøtet uttala ordførar og vatsbu Ole Johan Vierdal (Sp) at ballen nå er spelt over til Vats-bygda.

— Dei folkevalde ser at det er eit valår og at dei får eit problem både ved å seie ja og nei. Derfor har dei valt å få nokre andre til å løyse det, meiner Hatteland.

Vatsbuen har mange gode minner frå både basseng og bygdahus. Han synest at det tidlegare bassenget mangla det litle ekstra, eksempelvis sklie. Derfor vil han at ein nå skal nytte høve til å gjere bassenget meir attraktivt.

Hatteland sitt leserinnlegg:

50 millionar i rekning

Vatsbuen har mange gode minner frå både basseng og bygdahus. Han synest at det tidlegare bassenget mangla det litle ekstra, eksempelvis sklie. Derfor vil han at ein nå skal nytte høve til å gjere bassenget meir attraktivt.

Hatteland stussar over at deira planlagde investering i oppgradering av den private barnehagen Nausthaugen barnehage, som gjer at kommunen slepp å gjere Vats skule til eit oppvekstsenter, ikkje blir nemnd når ein ber bygda bidra.

I følgje Norsk Prisbok 2023 vil eit nybygg for en barnehage på den nødvendige storleiken komme på rundt 33,6 millionar. Spurt om Hatteland Gruppen, i tillegg til dei tre millionane dei gir til sklie, vil vere med å finansiere dei 20 millionane for å unngå kutt i funksjonane til det nye bygget, poengterer Stig Hatteland at ein må sjå det i lys av pengane dei brukar på barnehagen.

— Eg begynner å føle at dei går litt langt i kva dei skal forvente av at private skal bidra til i eit offentleg tilbod, fortel vatsbuen.

I tillegg til å sleppe investering i ny barnehage, kan kommunen potensielt selje den offentlege barnehagen Vats barnehage, slik kommunedirektør Yngve Folven Bergesen opna for i januar.
Me engasjerer oss for å sette Vindafjord på kartet
Stig Hatteland, konsernleiar Hatteland Gruppen

Meir om barnehageplanane her:

Har tatt bygda for gitt

Hatteland har tidlegare omtala Vats som ein underinvestert bygd og viser til manglande tilbod.

— Skulen er blitt halde liv i, men om ein ser på uteområda er dei ikkje blitt halde ved like slik ein skulle forventa, meiner vatsbuen.

Noko av det som fekk Hatteland til å reagere på kravet om 20 millionar i verdiar frå Vats-bygda for å skåne den nye Vindafjordhallen frå kutt, er at privatpersonar og bedrifter i Vats allereie bidreg med svært mykje pengar som kjem utviklinga i kommunen til gode. I tillegg til barnehageinvesteringa, framhevar han at skatteinntektene frå Vats har bidratt sterkt til kommuneøkonomien.

— Vats blir tatt for gitt av kommunen. Bygda har alltid bidrege, men aldri kravd å få så mykje igjen, seier Hatteland.

Hatteland Gruppen er involvert i fleire store prosjekt i Vats:

Powered by Labrador CMS