Det treårige pilotprosjektet med fiskefelle i Etne-elva var over då fella vart tatt opp i november i fjor. Havforskingsinstituttet er så nøgd med resultata at dei no ønskjer å gå vidare med eit prosjekt som vil vere unikt i både norsk og europeisk samanheng. Det vil då få status som nasjonal forskingsplattform.
Bit som før
Det var i 2010 at Fiskeridirektoratet drog igang eit treårig pilotprosjekt i Etneva, mellom anna for å teste ut om ei såkalla oppgangsfelle kunne stoppe rømd oppdrettslaks frå å gå opp i vassdraget. I 2013 var fella på plass og no har så godt som all fisk på veg opp elva vorte fanga og kontrollert.