Vil auke nynynorskstøtta med mange millionar
Dei raudgrøne partia legg opp til millionar i ekstra nynorskløyvingar i dei alternative statsbudsjetta sine.
Dei raudgrøne partia legg opp til millionar i ekstra nynorskløyvingar i dei alternative statsbudsjetta sine.
Nynorsk kultursentrum har sett på framlegga til løyvingar til nynorsktiltak i dei alternative statsbudsjetta til dei raudgrøne partia. Der ligg det an til ei solid nynorskpakke. Det blir teke godt i mot av samarbeidsorganet Nynorsk forum:
– Det er svært gledeleg at dei raudgrøne partia ynskjer å få til eit nynorskløft i neste års budsjett, seier Olav Øyehaug Opsvik, sekretær i Nynorsk forum, i ei pressemelding.
Forslaga vil vere viktige i dei komande forhandlingane med Arbeidarpartiet om det endelege statsbudsjettet. Slik vil partia auke støtta til nynorsktiltak:
Senterpartiet
1 million til Det Norske Samlaget, 1 million til Det Vestnorske Teatret, 1 million til Noregs Mållag, 1 million til Nynorsk kultursentrum, 1 million til Teater Vestland, 1,5 million til Jakob Sande – senter for forteljarkunst, 1 million til tilskotsordningar for digitale læremiddel på nynorsk.
Sosialistisk Venstreparti
1 million til Noregs Mållag, 1 million til Nynorsk kultursentrum, 950.000 til Nynorsk bedriftsforum, 3 millionar til Teater Vestland
Raudt
5 millionar til Det Norske Samlaget til utvikling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur, 1 million til Noregs Mållag.
Miljøpartiet Dei Grøne
10 millionar til å fremje nynorsk og dialekt i vaksenopplæringa for innvandrarar, 10 millionar til Det Norske Teatret, 3 millionar til Det Vestnorske Teatret, 3,5 millionar til Det Norske Samlaget, 1 million til Noregs Mållag.
(NPK)