Viktig informasjon frå legekontora
Fleire legekontor i distriktet vil vera stengt i sommar
Kommuneoverlege i Vindafjord kommune Terje Kleiven, informerer om at ein skal kontakte lege som vanleg.
— Ein skal få same legetilbod som vanleg, men ein kan ikkje forventa å treffa fastlegen sin, ein kan oppleva litt lengre ventetid enn i den ordinære tida, seier han.
— Grunna ferieavvikling blant legar og hjelpepersonell, samlar me legedrifta i eit legekontor i sommar, seier Elisabeth Selland Winterthun, kommuneoverlege i Etne kommune. Ho fortel vidare at ein tek kontakt som ein pleier enten via telefon eller elektronisk melding.