— Viktig å få hjelp heime
Ein halvfull storsal med godt vaksne tilhøyrarar stilte opp for å høyra listetoppane i Etne kommune fortelja kva dei ser som hovudingrediensar i resepten som skal sikra innbyggjarane i kommunen ein trygg og god alderdom i åra som kjem. Tal frå SSB viser at talet på eldre vil auka nesten dobla seg mot 2040, og med fleire eldre enn yngre i kommunen i åra som kjem kan utfordringane koma til å stå i kø. Sjølv om stadig fleire i den eldre garden held seg friske lengre, er ikkje skrantande helse til å unngå. Kva gjer ein då.
Dei to spreke pensjonistane Nils Åsheim (89) og Johannes Slåke (91) frå Skånevik hadde tatt turen til Skakke i Etne for om høyra politikarane sine tankar, og begge var tydeleg på kva dei sette høgast.
— Me vil bu heime lengst mogleg. Og når me ikkje klarar å bu heime vil me på aldersheimen i Skånevik, understrekar dei.