Vestlandsfanden til Saloonen
Laurdag 26. november er Reidar Brendeland og Vestlandsfanden tilbake i Etne og Old River Saloon. Kvelden startar med julebord for eit selskap med festglade gjester, før dørene opnar for publikum frå nær og fjern. Reidar Brendelend, med sterke røter frå Etne og distriktet, treng knapt nokon presentasjon. Alle kjenner Reidar og gjengen. I over 40 år har han og bandet vore på vegen landet rundt. Sidan 1979 har bandet gjort 3-4.000 spelejobbar og gitt ut 16 album. Eit nytt er på veg. Dei ivrigaste følgjarane er mellom 18 og 27 år, og dei har enkelt-låtar på Spotify med over fire millionar stream.
Reidar Brendeland og Vestlandsfanden er eit fullblods folk-rockband og har vore i front innan i sjangeren her til lands frå starten. Reidar Brendeland skriv låtane sjølv. Plukka plommer i Hardanger» og For livets glade gutter går solen aldri ned», er berre to av fleire hundre låtar som han har ansvaret for.