Ventar nær dobling av cruisegjester
Cruiseturismen i Åkrafjorden har blitt ein stor suksess for reiselivet i Etne etter at Haugesund dei siste åra har etablert seg som cruisehamn. Mange av cruisegjestene lèt seg lokke av minicruise på fjorden med utsikt til den flotte Langfossen og tilbodet om å få servert lokal mat på den same reisa.
Fram til og med i fjor er det MS Stein Viking» som har sigla turistar frå kaia på Viskjer, inn mot Fjæra og tilbake til Eljervik gard, forbi det karakteristiske fossefallet. Denne båten har berre kapasitet til 50 passasjerar. For å møte den auka etterspurnaden har Åkrafjorden Oppleving leita etter større båt i over eitt år. Så seint som i haust trudde dei at dei hadde funne båten, men den glapp.
— Men no leiger me inn White Lady» frå 15. mai til 15. september i år. Samstundes held me fram med arbeidet med å finne ein båt med tanke på kjøp, fortel dagleg leiar John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving AS.