F.v: Silje Håkull-Apeland, Petra Blikra, Olav Aasheim Gunnarsson, Oleksandra Patran, Olha Demenchuk, Inna Pavslovska og Nataliia Holovko.
F.v: Silje Håkull-Apeland, Petra Blikra, Olav Aasheim Gunnarsson, Oleksandra Patran, Olha Demenchuk, Inna Pavslovska og Nataliia Holovko.
Alina Loliesnyk, Mykola Shvets, Inna Svhets og Anastasiia Zolotova.
Alina Loliesnyk, Mykola Shvets, Inna Svhets og Anastasiia Zolotova.
David Pop og Hussam Ayesh Kribeh.
David Pop og Hussam Ayesh Kribeh.

Vellukka integreringsdag

Torsdag 30. oktober arrangerte elevane i 2. og 3.klasse studiespesialisering integreringsdag saman med deltakarane ved vaksenopplæringa i Vindafjord.

Publisert Sist oppdatert

Elevane hadde førebudd språkkafé og aktivitetar som blanda deltakarar og elevar i ulike grupper. Resultatet vart mange gode samtalar mellom alle involverte og det er fantastisk at møte med ukjende kan vere så givande.

Dagen byrja med at nokre elevar frå 1. klasse var nede på Sjøperlo og møtte deltakarane. Me ynskte alle velkomne og følgde dei opp i kantina på Ølen VGS. Der vart det servert kaffi, te, kakao og noko å bite i. Elevane i 2. klasse tok over og hadde språkkafé. Gruppene fekk òg prøve seg på ein språkleg aktivitet ved å finne setningar rundt om på huset, som dei skulle hugse og skrive.

Andreklassingane Jennie G. Tjelmeland, Signe Rullestad, Ine Hansen Lysne og Marie Rafdal Lauritsen var spente på korleis det skulle bli å møta deltakarane ved vaksenopplæringa. Det var lettare å kommunisere enn dei hadde trudd og dei syntes alle inviterte var svært interesserte og motiverte. Om det dukka opp språklege utfordringar brukte ein båe kroppsspråk og teikn for å forstå kvarandre, seier andreklassingane.

Etter lunsj var det tredjeklassingane sin tur. Dei hadde tidlegare i veka hatt besøk av avdelingsleiar i Integreringstenesta i Vindafjord Kommune, Miriam Aareskjold, i religionstimane. Religionslærar ved Ølen VGS, Linn Gjerde, hadde interessante timar med elevane og integreringstenesta, der dei fekk auka kompetanse og innsikt i møte med menneske og informasjon om flyktningarbeidet i kommunen.

Linn og elevane i tredjeklasse førebudde gruppeaktivitetar til siste del av dagen. Gruppene hadde ulike tema, mellom anna, spel, samtalar og omvising på skulen. Alle elevane hadde førebudd seg godt og deltakarane frå Sjøperlo fekk rullere mellom dei ulike aktivitetane.

Tredjeklassing Lovise Skrunes sette pris på at elevane sjølve fekk planleggje og gjennomføre opplegget, og at det beste med integreringsdagen var å møte dei ulike deltakarane og snakke med dei.

Me avslutta dagen med å gje mykje – til at det vart vellukka. Alle gjestene var positive og me vonar at me kan gjenta dette ved seinare høve. Tusen takk til Integreringstenesta og ikkje minst til vaksenopplæringa ved Marte Bull-Njaa og Anne Keshia Eide Fatland, for godt samarbeid og for at me fekk låne» alle elevane dykkar denne dagen. Til slutt: takk til dei særs positive elevane ved Ølen VGS og til gjestene våre.

For Ølen VGS,

Ståle Berge

Powered by Labrador CMS