Velkomen til Etne
Etter ti år med arbeid litt rundt omkring, fann han endeleg plassen kor han ville […]
Etter ti år med arbeid litt rundt omkring, fann han endeleg plassen kor han ville bu. Han ville busetja seg i Etne saman med kona. Rundt påsketider forlét kona Irak, til fordel for Etne. Endeleg skulle dei to få bu saman att, på ein trygg og god plass.
Eit besøk på sosialkontoret i Etne kommune sette derimot ein kraftig brems på deira nye liv saman. Dei fleste som bur i Etne veit at Saleh Rahem Hassan legg ned eit ærleg stykke arbeid, og vel så det, i gatekjøkkenet. Han gjer det bra, og har mange fornøgde kundar. Sakshandsamaren i Etne kommune presterte å bruka hans suksess i mot han. Du har altfor fine klede til å få sosialhjelp», var responsen han fekk då han ba om at kona fekk ta del i eit introduksjonsprogram. Han ville på ingen måte ha pengar, han ville berre at kona skulle lære norsk og bli meir integrert i Etne.
Sosialleiar i Etne sosialteneste, trur det heile stammar frå ein kommunikasjonssvikt, på tvers av språk og kultur. Det kan godt hende, men uansett skal ikkje publikum gå ut i frå eit kommunalt kontor, og kjenna seg diskriminerte. Kanskje hadde sakshandsamaren god grunn til å avvisa førespurnaden om å la den nye innbyggjaren få byrja på eit introduksjonsprogram, men likevel, skal ein sakshandsamar på sosialkontoret ha folkeskikk nok, til å ta i mot alle som kjem innom på ein høfleg og god måte. Saleh Rahem Hassan og Dlovan Ali Gadir ynskjer å flytta til Ål i Hallingdal. Der blir dei godt mottatt, ikkje berre av bygdefolket, men også av kommunen. Det er svært synd at ekteparet har fått denne oppfatninga av Etne kommune, og forhåpentlegvis gir dei ikkje opp, men leverer ein skriftleg søknad, som sosialetaten er pålagt å ta stilling til. Velkomen til Etne!