Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdselsdepartementet.

Vegprosjekt er lyst ut

Publisert

Dette opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding. Prosjektet inneber trafikksikkerheits- og utbetringstiltak på E134 på strekninga mellom Ølen i Vindafjord kommune og Mørkeli i Etne kommune. Strekninga er rundt 6,3 km lang, med trafikkmengd på rundt 4200 køyretøy i døgnet, der delen lange køyretøy er på 16 prosent. Formålet med arbeidet er å utvide dagens veg for å etablere forsterka vegoppmerking. Arbeidet som skal utførast er kombinasjon av utbetring av eksisterande veg og bygging av ny veg.

 

— Det er veldig gledeleg at regjeringa si satsing på drift, vedlikehold og mindre investeringar gir rom for at dette etterlengta prosjektet omsider kan kome i gang. Med breiare veg, gul midtstripe og forsterka vegoppmerking får vi ein tryggare og meir framkommeleg veg, både for næringstransporten og alle andre trafikantar som bruker denne viktige strekninga, seier Tom Kalsås, statssekretær Samferdselsdepartementet. 

Powered by Labrador CMS