Kommuneval 2023
Vats reddar truleg Vierdal
Sp mister ein representant i kommunestyret frå inneverande periode. Stor vekst i ordførar Ole Johan Vierdal si heimbygd Vats gjer at han likevel har gode kort på handa i forhandlingane om ordførarkoalisjon for neste periode.
— Det er knallkjekt at Vats sikra sigeren, seier vatsbu Monica Nesheim (Sp).
Sp vaks med 10,1 prosentpoeng frå 42,7 til 52,8 prosent av stemmene i bygda. Samtidig får Høgre berre sju prosent i Vats. Dette er med å gjere at differansen mellom partia i kommunen som heilskap blei 8,6 prosentpoeng (29,2 mot 20,6 prosent).
— Eg trur det er summen av mange saker i denne perioden som gjer dette. Blant anna Vindafjordhallen spelar litt inn, trur Nesheim.
Partikollega og sambygding Tor Olav Gregersen trekk fram betydinga av Nesheim, som han meiner kjem inn som eit friskt pust i lokalpolitikken. Han trur det hjelp på at han og Nesheim har vore synlege i grendautvalet på oppslutnaden i Vats.
Trass suksessen i Vats gjekk Sp ned fire prosentpoeng frå sist val og går dermed ned frå ni til åtte mandatar.
I forhandlingar
Alle partia var samla til valvake på rådhuset i Ølen måndag kveld. Det var god stemning i starten av arrangementet, og då tida for resultat nærma seg auka spenninga. Dei som verka aller mest fornøgde då resultata tikka inn var Vindafjordlista sine kandidatar. Dei fekk 12,7 prosent av stemmene og tre mandatar inn i kommunestyret.
— Eg er veldig fornøgd. Me er veldig klare til å vere med å påverke, fortel Ingvild Arianson (Vindafjordlista).
Partiet er det einaste utan kumulerte kandidatar. Den mest profilerte av dei er nok likevel Anna Klette Steinsland, som står som nummer ein på lista. Ho var strålande fornøgd med resultatet og trur partiet har treft noko i befolkninga.
Etter at valresultatet blei klart gjekk dagens ordførarkoalisjon av Sp, KrF og Ap i møte med Vindafjordlista. Desse partia har til saman 16 mandatar i det kommande kommunestyret. Med andre ord har Sp råd til å miste eit av desse partia frå eit eventuelt samarbeid, men ikkje to.
Då møtet med Sp og KrF var ferdig, gjekk Ap og Vindafjordlista i samtalar med Høgre, for å sjå på eventuelle moglegheiter til samarbeid i ein koalisjon leia av Modolf Haraldseid (H). Dersom denne trioen skulle få med seg Frp sine tre representantar, vil dei akkurat nå fleirtalsgrensa på 13.
— Det var veldig informative samtalar med både Sp og Høgre. Me må diskutere og finne ut korleis me får mest mogleg av det me har godt til val på gjennom samarbeid, seier Steinsland.
Både ho og Arianson er tydelege på at å behalde skular og barnehagar er svært høgt prioritert for partiet. Samtalar mellom politikarar fortsette utover kvelden og det er planlagt eit nytt møte mellom Sp, KrF, Ap og Vindafjordlista på tysdag.
Skuffa over resultatet
Ikkje alle parti hadde noko å skrive heim om frå valdagen. Den kanskje største taparen var SV. Etter vekst frå sist val i begge Grannar sine meiningsmålingar og MdG ute av kampen om potensielle veljarar verka det å sjå lyst ut for SV. Likevel blei det ein nedgang på eit prosentpoeng til 4,1 prosent, og blir ståande med berre ein representant.
— Det er eit skuffande resultat, seier Guri Ravatn (SV).
Ho er glad at dei i det minste for behalde det eine mandatet sitt. Dette betyr at Ravatn kjem til å bli sittande som partiet sin einaste representant i kommunestyret. Ravatn trur at Vindafjordlista sin suksess har gått utover SV. Sjølv om valresultatet blei ein nedtur har Ravatn håp om at det kan gå bra for dei i opposisjon, og viser til at ho har fått fleire sigrar i denne perioden.
Eit anna parti som ikkje gjorde det så godt som dei håpa var Ap. 4,6 prosentpoengs nedgang sørger for at dei mister eit mandat, og blir ståande med to. Wenche S. Lilleland (Ap) fortel at dei håpte på tre.
— To mandatar var ikkje kjekt, men me frykta det. Me har slitt på litt målingar, og har ikkje fått noko hjelp av regjeringa og Stortinget heller, meiner Lilleland.
Etter dei første samtalane med potensielle koalisjonspartnarar er ho spent på om dei kjem fram til noko. Lilleland meiner det er vanskeleg å sei korleis samansetninga blir, både kva gjeld posisjonar og politikk. Ho har nokre refleksjonar etter dei seinare åra saman med Sp.
— Det har ikkje alltid vore lett å samarbeide, særleg skulebruksplan var vanskeleg, fortel Lilleland.
Sjå Modolf Haraldseid (H) sine tankar om valresultatet her:
Håpar i det lengste
For Frp blei valet ei blanda oppleving. Med ei vekst på 4,2 prosentpoeng til 13,2 prosent auka dei kommunestyregruppa si frå to til tre representantar. Likevel ser det vanskeleg ut for dei å få til eit maktskifte med Modolf Haraldseid (H) som ordførar, slik dei gjekk til val på.
— Eg er fornøgd med dei tre mandata, det var det me hadde som mål. Det ser dessverre ikkje ut som me kan få ny retning for Vindafjord, det er litt trist. Men me fortsett å håpe på det så lenge me kan, seier Mats Årvik (Frp).
Tre mandatar får også KrF. Dette er det same som dei har i dag. Varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) er glad for at dei får behalde storleiken på gruppa si. Framover skal han i forhandlingar om ordførarkoalisjon til neste periode.
— Foreløpig er me, Sp, Ap og Vindafjordlista einige om at me skal snakke vidare. Eg trur dei fleste gruppene ønskjer å avklare kven som blir ein del av gruppa før dei går vidare, fortel Løge Fosse.
Sjølv er han open for å fortsette som varaordførar. På tysdag blir resultatet av personstemmene, og følgeleg kva kandidatar som kjem inn i kommunestyret, klart. Følg dette og forhandlingane om ordførarkoalisjon på grannar.no framover.
Her er dei endelege tala for Vindafjord kommune:
Senterpartiet 29 prosent (-4,0)
Høgre 20,6 (+2,0)
Framstegspartiet 13,2 (+4,2)
Vindafjordlista 12,7 (+12,7)
Kristeleg Folkeparti 9,8 (-0,5)
Arbeidarpartiet 8,5 (-4,6)
SV 4,1 (-1,0)
Norgesdemokratene 1,8 (+1,8)
Frammøteprosent: 64,6 prosent