Bilete frå vardebrenninga på Strypefjellet i fjor. Søndag er det vardebrenning på nytt.
Foto: Privat
Statnett-konsesjonen
Vardebrenning på Strype søndag
Då Terje Aasland i sist veke gav grønt lys til bygging av 420 kV kraftlinje frå Blåfalli til Gismarvik, var det ei nyhende som ikkje slo ned som ei bombe verken for Grethe Tesdal eller resten av gjengen som i fleire år har kjempa for å heller leggja straumen i jord- og sjøkabel framfor luftspenn.
For å heidra fjellet dei er så glade i, arrangerer dei søndag vardebrenning på Strypefjellet med bålkaffi og pølser til alle som ønskjer å vera med.
— Fjellet vårt fortener eit bål som varslar fare, og hjarto våre brenn for Strypefjell. Bålet symboliserer at me ikkje godtar denne uretten som den norske regjeringa trugar gjennom mot folket sin vilje, seier Tesdal.