Inga-Cecilie Sørheim.
Foto: Privat
På tampen
Vår fordømte plikt
Ja, det er faktisk det! Og nei; eg vil ikkje høyre fleire orsakingar om at ein ikkje er interessert i eller ikkje kan noko om politikk. Eller at det er det same kven som styrer landet. Mogleg det, men det er likevel vår fordømte plikt å legge stemmesetelen i urna og bidra til demokratiet vårt.
Tidene har endra seg litt». Det er ikkje lenger sjølvsagt at familiar ser Dagsrevyen saman på kveldane. Dei unge får med seg nyheiter gjennom korte klipp på sosiale media, og kjenner til politikarar frå reality-program og tiktok. Vel, slik er det blitt. Det viktigaste er at dei unge interesserer seg for og tileignar seg kunnskap om politikk. Derfor kan det vere positivt at Gutta» engasjerer dei unge, så lenge dette ikkje blir deira einaste kjelde til informasjon. Me må ikkje vere redde for nye vinklar og nye stemmar i debatten. Det som er farleg, er å bli sitjande på kvar vår tue og halde seg for øyrene.
Det er ein klisjé, ja – men politikk handlar om liva våre. Utsegn om at ein ikkje bryr seg om politikk, trur eg derfor ikkje noko på. Men eg kan godt forstå at politikarforakta aukar. Ikkje berre på grunn av skandalar, krangling og brotne valløfte. Nei, mest på grunn av politikarsnakk! Det verste eg veit er nemleg politikarar som nektar å svare på spørsmåla dei får, og notorisk kjem med dei innøvde frasene sine. Det er reint komisk å høyre på til tider. Ein ser for seg dei mentale kulepunkta dei har fått innprenta frå pr-rådgivarane. Kor mange gonger klarar partileiarane å få sagt nøkkelorda sine? (Høyrde eg trygg styring», Støre?)