Fredag kveld var det stor stemning i Kulturhuset Banken på Lillehammer. Teaterdagane blei opna, og i same slengen blei årets Bøhrrepris delt ut av Norsk Amatørteaterforbund. Sidan 1997 har prisen vore ein viktig del av opninga, og i år var det ekstra stas då arrangementet markerte sitt 80-årsjubileum.
— Då eg stod på scena og dei leste opp nominasjonane, tenkte eg at dette blir tøff konkurranse. Eg hadde likevel ein god følelse, men både Tilja Teater frå Skien og Kulturbanken Bryne er sterke miljø, fortel styreleiar Morten Eiknes.
Til slutt var det UL Skjoldafjord som vart ropt opp som vinnar.