På tampen
Valvaka i Gamlatræ
Så er valkampen over, og eg har ikkje fått med meg ein einaste partileiardebatt. Ikkje ei einaste valsending har eg sett, og berre to parti har teke seg bryet med å leggja programmet sitt i min postkasse. Det synest eg at er heilt greitt, her eg sit og klakkar på PC-en min , på sjølve valdagskvelden. Førehandsrøystene, og dermed mi røyst, er talde og kunngjorde, og eg kjenner at det kunne vore både verre og betre, som han sa brudgommen.
Noko miljø det ville vera naturleg å søkja til for å halda valvake, har eg ikkje, så eg legg meg heller ned på sofaen og faldar hendene bak nakken og glor i taket, og tenkjer på politikk. Det var Einar Gerhardsen som var statsminister då eg kom inn i verda. Men det gjekk berre halvtanna år før eg bytte han ut med Per Borten. Per Borten var ein statsminister etter mitt tykkje. Då Dagbladet skulle laga ein sommarreportasje heime hjå statsministeren, gjekk han omkring på farsgarden og svinga langorvet kledd opp i berre underbuksa. I underbuksa hadde han attåt dei faste postane, plass til både tobakk og stikkedåse. Ja, nå var det visst ein motorisert plenklyppar han heldt på med på biletet der i Dagbladet, men han hadde hatt på hovudet, og det kledde han godt. Borten døydde i 2005. I dei dagar gjekk eg med radioen på i høyrselsvernet støtt. Det var eit barnebarn som framførte eit minneord om besten sin. Han fortalde om ein bestefar som vrengde kjeledressen av seg på trappa før han sette seg i ein gamal Mercedes, der eksosanlegget var surra med streng, og for nedover gardsvegen i ei støvsky. Om kvelden kunne dei sjå han på fjernsynet i gallaantrekk.
Borten fekk elles utretta mangt og mykje i si regjeringstid. Det var då styresmaktene så smått byrja å ta tak i den uretten krigssiglarane var utsette for. Folketrygda kom på plass, lov om offentleg forvalting, pressestøtta og distriktshøgskular, for å nemna litt. Han gjekk sterkt inn for å sikra nasjonal kontroll av naturresursar og inntektene frå desse. Han snakka om miljøvern og resursutnytting lenge før dette vart moderne». Borten oppnådde vel status som folkekjær i visse krinsar. Eg har fått med meg at det var to karar frå grannebyda mi, som langt opp i pensjonsalder fann for godt å reka rundt i landet i bubil, for å sjå seg litt omkring. Ein gong dei var i trivelege Trøndelag stakk dei innom Per Borten for å helsa på han, og vart etter det eg forstod vel mottekne.
Eg hugsar då han gjekk av. Det var etter at det var kome fjernsyn i tante Jorunn si stova. Då han skulle gje kontoret over til Trygve Bratteli, snakka han om å bæra tunge bører av staur. Det gjekk bra så lenge staurane var samla, men når dei tok til å sprika vart det vanskeleg. Kva evner og utrustning denne godguten Gahr Støre frå Ris, med fransk universitetsutdanning, har når det gjeld staurbæring, står att å sjå.
Steinar Aalvik