Kommuneval 2023

Valthriller i Etne: Det er heilt likt (!) mellom Sp og Frp

Det endelege resultatet for Etne kommune er ikkje klart før tysdag ettermiddag. Før postlagde førehandsrøyster er det uavgjort, 564-563, mellom dei to største, Frp og Sp (!).

Publisert Sist oppdatert
Valvignett

Etne kommune har hatt store tekniske problem med å få ut valresultatet, og det er ikkje stadfesta på den offisielle nettstaden valgresultat.no

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) og Kenneth Karlsen (Frp).

Men Grannar har fått dei manglande røystene får Etne krins på ein lapp, og den viser dette resultatet før postlagde førehandsstemmer er talt opp. Det skjer tysdag ettermiddag:

Førebels resultat:

Framstegspartiet: 564 stemmer (26,7 prosent)

Senterpartiet: 563 stemmer (26,7)

Arbeidarpartiet: 307 stemmer (14,5)

Høgre: 198 stemmer (9,4)

Kristeleg folkeparti: 186 stemmer (7,9)

Industri- og næringspartiet: 160 stemmer (7,6)

Venstre: 84 stemmer (4,0)

Raudt: 47 stemmer (2,2)

Dette er stemmene som klokka 23.31 enno ikkje var lagt inn på valgresultat.no. Røystene viser stemmene for Etne krins, og altså ikkje totalen for Etne kommune.

Med eit slikt resultat kjem små parti som KrF, nykommaren INP, og Venstre i særs interessante posisjonar når det no skal forhandlast om makta i Etne.

Powered by Labrador CMS