Drowning swimmer at a lake in summer
Vaksne menn toppar drukningsstatistikken
I 2019 omkom 86 personar av drukning i Noreg, 73 menn og 13 kvinner. Fire barn drukna i badeulykker.
— Trass i ein nedgang frå året før er drukningstala framleis altfor høge, noko som bør takast på alvor av myndigheiter og samfunnet elles. Norske skulebarn har dårlegare svømmeferdigheiter enn i våre naboland. Derfor bør vi satse meir på å lære alle å svømme, og ikkje minst syta for å ha vatn i svømmebassenga. Vi treng eit nasjonalt krafttak for å få drukningstala ned, seier Monica Rimestad, samfunnsansvarlig i Tryg Forsikring.
Flest vaksne menn
Drukningsstatistikken frå Redningsselskapet for 2019 viser at godt vaksne menn er overrepresentert. Over halvparten av menn er over 40 år. Dei fleste som druknar har enten falle i sjøen frå land eller frå fritidsbåt.