Kommuneval 2023
Vaks opp med politikk
Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Det skal du her få svar på. Her er det Vindafjord Senterparti sin ordførarkandidat Ole Johan Vierdal som svarar.
— Eg vaks opp med politikk, og har alltid vore samfunnsengasjert. Eg kom inn i politikken første gong i gamle Vindafjord (1999-2002), så ein liten pause og så frå 2011 og fram til i dag.
— Kvifor vil du vere politikar?
— Eg kjenner mange folk i kommunen mellom anna frå tida som aktiv fotballspelar og trenar. På same vis som fotball, er politikk eit lagspel der ein finn fram til gode fellesløysingar
— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Samferdsel, bustadpolitikk, næringsområder, skule, helse og kommuneøkonomi. Det som gjer at det blir godt å leva og bu i Vindafjord.
— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Gode skular og barnehagar, trygge og gode oppvekst vilkår og fritidsaktivitetar.
— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Ved å sikre at folk får bu heime så lenge som mogleg med støtte frå heimetenesta, men når dei treng tryggheit skal det vera institusjonsplassar.
— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Det er avgjerande å sikre eit økonomisk grunnlag slik at unge vil overta gardsbruka. Senterpartiet må framsnakka familielandbruket, landbruksmiljøet i kommunen og dei store ringverknadane primærlandbruket har for verdiskaping og sysselsetting i kommunen. Me må arbeida meir aktivt for at fleire vel å investera i garden sin, fornya driftsbygningane sine og satsa på gardsdrifta som leveveg
— Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?
— Eigedomsskatten er eit viktig bidrag for Vindafjord kommune for å utvikla seg vidare og at folk i Vindafjord får dei tenester dei har rett på
— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
— Nei, me hadde folkeavstemming og då sa 75 prosent nei.
— Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?
— Det skal byggjast ein ny symjehall og eit nytt bygdahus i Vats. Sommaren 2025 vil desse bygga stå ferdig og det vert godt å leggje bak seg ein vond periode etter at Vindafjordhallen brann ned i 2019. Den nye symjehallen er viktig for symjeundervisninga, for idretten og for innbyggjarane i Vindafjord og distriktet ellers. I bygdahuset vil Vatsbygda få tilbake ei sakna storstove».
— Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?
— Ja, me har nettopp hatt ein gjennomgang av skulestrukturen i kommunen der ein sa ja til dagens struktur.
— Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?
— Vindafjord kommune i lag med Westcon har danna selskapet Windafjord Port, med sikte på å kunne bygge flytande havindturbinar
— Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
— Distriktspolitikk, levande bygder, tenester nær folket, og tryggheit.