Haukelitunnelen.
Arkivfoto: Lars Helge Rasch, Statens vegvesen
Uvêret fører til kolonnekøyring og stengde fjellovergangar
E6 over Dovrefjell er stengd på grunn av uvêret, medan E136 frå Åndalsnes til Bjorli er opna igjen. På fleire fjellovergangar, blant anna E134 Haukelifjell, er det kolonnekøyring.
E6 over Dovrefjell vart stengd i 5.30-tida grytidleg fredag morgon.
E136 frå Åndalsnes gjennom Romsdalen og opp til Bjorli vart stengd på grunn av dei krevjande vêrforholda i 6.30-tida, men like før klokka 9 var vegen opna igjen.
Like før klokka 7 vart fylkesveg 60 over Strandafjellet stengd. Også fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengt fram til ny vurdering blir teken klokka 12. I tillegg er det stengt på fylkesveg 27 over Venabygdsfjellet.