Utforska livet i fjøra på aktivitetsdag
S-klubben i Vågen barnehage fekk ein innhaldsrik dag ved båthamna i Ølensvåg då Norges Jeger- og Fiskerforbund inviterte til aktivitetsdag. Med sjøstjerner, krabbefangst og spanande undervassliv vart det ein lærerik og morosam dag for både store og små.
Det er tysdag føremiddag, og 11 barn i S-klubben i Vågen barnehage er samla i båthamna i Ølensvåg. S-klubben er altså klubben for alle dei store barna» som er skuleungar til hausten.
– Den kitla meg, seier Marielle Meland medan ho klappar ei sjøstjerne.
Men ho synest òg det er deilig. Dei har ein balje med mange sjøstjerner oppi, og barna sit fascinert rundt. Dei studerer, stryk og klappar.