Utfordrar ministeren om sjøkabel
Helge André Njåstad (Frp) har spurd olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) om kva ho tenkjer om moglegheita for sjøkabel i forbinding med kraftutbyggingar. Han trekkjer fram varaordførar Kenneth Lyng Karlsen sitt engasjement for å skåne landskapsverdiane i Etne.
I går sende Njåstad to skriftlege spørsmål til Persen. Det eine spørsmålet var generelt om utbyggingar:
Hvordan vil ministeren oppmode NVE og Statnett til å prioritere sjø- og jordkabel løsninger for 420kV overføringer, spesielt i kyst Norge?»
Trekkjer fram Etne
I sitt andre spørsmål er Njåstad meir stadsspesifikk i si grunngiving:
Er statsråden einig i at i denne saken er sjø- og jordkabel best løsning?»
I grunngivinga minner Njåstad Persen om at det i Hardangersaka var cirka 19 kommunar og institusjonar som protesterte mot ny 420kV høgspentlinje på strekninga Sima-Samnanger. Han rettar så fokuset mot at Statnett nå vil byggje ein tilsvarande 90 kilometer lang høgspentlinje frå Blåfalli i Kvinnherad til Gismarvik i Tysvær.
Njåstad meiner at sjø- og jordkabel her kan erstatte største delen av den lange 420kV høgspentlinja, det vil seie frå Blåfalli i sjø til Ålfjorden og vidare i bakken til Grinde i Tysvær. Avslutningsvis nemner Njåstad at Etne kommune har engasjert seg i dette, og at varaordførar og partifelle Kenneth Lyng Karlsen er tydeleg på at sjøkabel er best for landskapsverdiane i området.
Den planlagde bygginga av høgspentmaster i Etnefjellet har møtt stor lokal motstand i form av blant anna protestgrupper. Persen sitt svar vil komme på Stortinget sine nettsider i lenkjene.