Baslibrua bind Vikebygd og Bjoa saman.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Lesaren melder
Ut på tur i Vindafjord 2024
Då var enda ein periode med Ut på tur i Vindafjord over. Ut på tur i Vindafjord er eit samarbeid mellom kommunen og frivillige eldsjeler for friluftsliv. Konseptet har fokus på friluftsliv, folkehelse og det å oppleve flotte naturomgjevnader i kvar bygd. Det er alltid ein hovudtur i kvar bygd og seks tilrettelagde turar som blir fordelt mellom bygdene i dei ulike periodane. Årets periode har vore frå 22. mars til 31. oktober.
Årets turar hadde ulike graderingar, med to krevjande hovudturar og sju middels krevjande turar. Alle dei seks tilrettelagde turane er kvar periode gradert som enkle, for dei er tilpassa rullestol og barnevogn og krev ingen spesielle ferdigheiter.
TellTur er Friluftsrådet Vest si turregistreringsteneste. På TellTur sine nettsider ligg mange turmål i medlemskommunane deira. Ved bruk av appen Norgeskart Friluftsliv kan ein enkelt registrere turen ved ankomst.