Nydeleg vêr i pinsehelga. Frå Våbrekkefjell er det god utsikt til Vikebygd og nordover.Foto: Arne Frøkedal

Ut på Tur» engasjerer

Sjølv med koronasituasjonen har Ut på tur i Vindafjord» med sine 15 turmål vore nok ein suksess. Det er kultur- og idrettskonsulent Berit Hetland som oppsummerer slik. Ifølgje TellTur sine målingar har 1.121 turgåarar i Vindafjord gått til saman 6.651 turar til dei 15 turmåla i kommunen i løpet av 2020. Tilsvarande målingar i fjor viste 539 turgåarar som gjekk 2.133 turar til 10 av turmåla.

— Over ei dobling av turgåarar viser ein særs god sesong. Det mest besøkte turmålet i år har vore Skjold rundt» med 1.306 registreringar, opplyser Hetland. TellTur har opplevd sin beste sesong dette året. 4.000 brukarar har brukt dette i samband med turar. Til saman har desse gått 100.000 turar til dei 146 ulike turmåla. Noko av det mest gledelege er at kvar turgåar i år gjekk heile 25 turar i gjennomsnitt, mot 17 i 2019 og 15 i 2018.

Friluftsrådet Vest gir ein liten premie til alle turgåarar som har vitja minst 50 ulike turmål i sesongen. Premiane har i alle år blitt utdelt frå Servicetorget i dei ulike kommunane, men grunna koronasituasjonen er den praksisen ikkje tilrådeleg nå. Friluftsrådet utset difor premieutdelinga til situasjonen har endra seg, forhåpentlegvis ut på nyåret ein gong. I år er det blitt levert inn kodeord frå 180 turgåarar i Vindafjord, og heldige vinnarar er:

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS