Usemje om rypejakt i Etne
Det er både mange og delte meiningar kring rypejakta. Det viser igjen då grunneigarane i Etne kommune ikkje går for det samme når det gjeld opning eller ikkje opning av jakt på rype denne hausten. Det er ingen kvoteregulering på kor mange ryper ein kan ta ut i Noreg. Men grunneigarane kan sjølv setja begrensningar på jakta.
Saknar kontroll
Terje Håheim frå Etne sitt i styret til Sørfjellet jaktområde, og er ein erfaren småviltjeger og utdanna ornitolog. Han saknar ein betre kontroll, og er bekymra for det han meiner er ei mangelfull forvaltning av rype.