Flest unge menn med utdanning på grunnskulenivå droppar å stemme ved val. For kvinner er det flest blant dei over 90 år som ikkje stemmer. Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB / NPK
Flest unge menn med utdanning på grunnskulenivå droppar å stemme ved val. For kvinner er det flest blant dei over 90 år som ikkje stemmer.

Unge menn med kort utdanning droppar å stemme

Ved dei siste seks vala droppa 26 prosent av menn i alderen 28 til 44 år å stemme. Blant alle med stemmerett er den tilsvarande andelen berre 7 prosent.

Publisert Sist oppdatert

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå
(SSB).

Blant menn under 45 år med lang utdanning var det berre 3 prosent som sat heime ved alle vala.

Ser ein på alle veljarar samla, har rundt 50 prosent stemt ved alle val frå 2015 til i dag. Berre 7 prosent har ikkje stemt ved nokon av vala.

Heile 93 prosent stemde ved minst eitt val, og 82 prosent stemde ved minst tre val.

Kvinner stemmer litt oftare enn menn. 50 prosent av kvinnelege veljarar stemde i alle vala frå 2015 mot 47 prosent av mennene. Blant menn er det 8 prosent som ikkje stemde i nokon av vala, mot 6 prosent blant kvinner.

Uavhengig av kjønn og alder er det dei mellom 50 og 90 år som stemmer hyppigast.

For kvinner er det blant dei eldste (over 90 år) at flest lét vere å stemme i dei seks siste vala, medan for menn er det flest som ikkje har stemt blant dei yngste.

Fordelt på utdanningsnivå er det dei med lang utdanning som stemmer oftast. Blant dei med utdanning på grunnskulenivå er det 17 prosent som ikkje har stemt dei siste ti åra. Den tilsvarande andelen for dei med universitets- og høgskuleutdanning er 2–3 prosent.

(NPK)

Powered by Labrador CMS