Vipps hamnar i år, som i fjor, øvst på omdømmeundersøkinga til Reputation And Trust Analytics. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK
Vipps hamnar i år, som i fjor, øvst på omdømmeundersøkinga til Reputation And Trust Analytics.

Undersøking: Vipps det mest anerkjende selskapet i Noreg

Betalingstenesta Vipps kjem best ut i Noreg i ei ny nordisk omdømmeundersøking.

Publisert Sist oppdatert

Betalingstenesta Vipps kjem best ut i Noreg i ei ny nordisk omdømmeundersøking.

Undersøkinga er gjennomført av Reputation And Trust Analytics.

For Noreg sin del blir rangeringa toppa av Vipps, slik selskapet også gjorde i fjor. Bak følgjer Vinmonopolet, Ikea, Tine og Flytoget.

Svenske Ikea gjer det aller best i heimlandet – etterfølgd av Systembolaget, Volvo, Scania og Saab.

I Danmark er det Lego som tronar øvst i omdømmeundersøkinga. Her følgjer legemiddelgiganten Novo Nordisk, Ikea, Rema 1000 og Danfoss på plassane bak.

Totalt deltok 20.610 personar frå Finland, Sverige, Noreg og Danmark i undersøkinga. 2728 av desse var nordmenn.

Felles for alle dei nordiske landa er at nettbutikkane Temu og Shein ligg nedst på listene.

(NPK)

Powered by Labrador CMS