Trafikk og samferdsle
Tysvær: Stenger veg for gjennomkøyring i to timar
Tysdag kveld og i starten av natta til onsdag blir Fv515 stengt for gjennomkøyring ved krysset Bådsvikfeltet/campingplassen i minst to timar.
Vegen blir stengd samband med berging av ein brøytebil som var uheldig i går.
Tidspunkt: Frå klokka 23 tysdag med varigheit på minst to timar.
Annonse
Det blir bede om at parkering/bussheldeplass på motsett side av nedkøyringa til campingplassen blir halden fri for bilar, då plassen trengst til bilbergingsaksjonen.
Til slutt, men ikkje minst, blir det bede om at folk som ikkje har ei rolle i arbeidet som skal gjerast, ikkje oppheld seg i området.
Fv515 går mellom Grinde og Nedstrand i Tysvær kommune.