Dei første cruiseturistene i år kom allereie i februar. Når sesongen var over etter siste besøk, 5. september, hadde 5.000 av dei besøkt Åkrafjorden.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dei første cruiseturistene i år kom allereie i februar. Når sesongen var over etter siste besøk, 5. september, hadde 5.000 av dei besøkt Åkrafjorden.
John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving AS.ARKIVFOTO
John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving AS.ARKIVFOTO

Turist-rekord

Åkrafjorden Oppleving AS dobla omsetningsrekorden. No blir det investert millionar for å møte auka i turismen.

Publisert Sist oppdatert

Turistane har denne sesongen for alvor oppdaga Åkrafjorden, noko som viser igjen på omsetnadstala til paraplyorganet Åkrafjorden Oppleving.

Cruise-rekord

Det er i første rekke vekst i besøkande av cruiseturistar som har sytt for at omsetnaden til Åkrafjorden Oppleving har gått frå 1,2 til 2,4 millionar kroner frå i fjor til i år. Denne sesongen har 5.000 av passasjerane på dei 38 cruiseskipa som har gjesta Haugesund, blitt bussa inn til Åkrafjorden. Der har utlendingane, flest spanjolar, tyskarar, italienarar og amerikanarar, fått servering på Åkrafjordtunet, Eljervik Gard eller Halvfjordingen på Rullestad. Mange har også stoppa hos rosemålar og turistvert Unni Marie Lien i Ølen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS