Slik vil Renevo sin biogassfabrikk bli plassert på Tongane industriområde i Etne.ILLUSTRASJON: RENEVO AS
Slik vil Renevo sin biogassfabrikk bli plassert på Tongane industriområde i Etne.ILLUSTRASJON: RENEVO AS

Trur på byggestart i Etne tidleg neste år

Bygginga av Renevo sin planlagde biogassfabrikk i Etne kan starte allereie tidleg neste år.

Publisert Sist oppdatert

Det går fram av ei pressemelding verksemda sendte ut måndag ettermiddag.

Der heiter det at Renevo har motteke vedtak om rammeløyve for oppføring av anlegg for biogass på Tongane industriområde.

Søknaden er godkjent av Etne kommune, og vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova.

Skryt av Etne

I meldinga skryt administrerande direktør Jan Kåre Pedersen både av Etne kommune, måten etnebuen har teke i mot planane og spesielt korleis bøndene sitt engasjement i saka.

Jan Kåre Pedersen er administrerande direktør i Renevo.

— Eg er imponert over kor framoverlente dei er når det gjeld nye tekniske løysingar, seier han.

Enova-søknad

Renevo har sendt inn søknad til Enova om investeringsstøtte til prosjektet, og ventar no spent på kva avgjerd dei vil lande på.

— Eigarane er klar med finansiering og eigenkapital, teknologivalet er tatt og det står berre att å få avtalane signert, heiter det i pressemeldinga.

Prosjektet vil ha ei kostnadsramme på mellom 200 og 300 millionar kroner.

— Enova-tilskotet vil vere utløysande for å få prosjektet gjennomført, seier Pedersen som håper å få svar på søknaden før jul.

Powered by Labrador CMS