Laksen her svøm rundt i Logselva i Hardanger, ei av elvene som er kartlagt av NORCE på oppdrag av Miljødirektoratet.
Foto: Espen Olsen Espedal, NORCE
Trua av rømd oppdrettslaks
NPK-NTB: Villaks i mindre kystvassdrag blir trua av rømd oppdrettslaks. I Fjellvassdrag på Sotra og småelver i Hardanger er grada oppdrettsopphav opptil 95,4 prosent.
Kartlegginga, som er utført av Norce LFI og Norsk institutt for naturforsking (Nina), er den første av mindre kystvassdrag.
— Dette prosjektet er det første av sitt slag i små elvar og viser behovet for å overvake og handtere situasjonen i desse små, men talrike vassdraga, seier prosjektleiar Ulrich Pulg i Norce LFI i ei pressemelding.
Pulg understrekar at sjølv om kvar enkelt elv er lita, er summen av habitatet stor. Det blir rekna med meir enn 2.000 slike små kystvassdrag i Noreg.
— Det er òg slik at villaksen vi finn i desse kystvassdraga er ekstra sårbar sidan dei er få. Så sjølv få rømde fisk kan føre til at oppdrettslaks tek over dominansen i vassdraget, seier Pulg.
Det er særleg på Vestlandet det er ein høg grad av oppdrettsopphav, særleg i Fjellvassdraget og Øyreselva der det er 95,4 og 92,5 prosent, medan fleire elvar har over 10 prosent. I Rogaland og Agder vart det estimert ei lågare grad av innkryssing.