Elisabet Mattingsdal blei i 2020 tilsett ved Sandeid brannstasjon som første kvinnelege brannkonstabel i Vindafjord. Ved denne stasjonen manglar kvinnegarderobar, noko tilsynet har kommentert. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Elisabet Mattingsdal blei i 2020 tilsett ved Sandeid brannstasjon som første kvinnelege brannkonstabel i Vindafjord. Ved denne stasjonen manglar kvinnegarderobar, noko tilsynet har kommentert.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Informasjonskoordinator Morten Svandal, her saman med Elisabet Mattingsda, ynskjer fleire kvinner velkommen i teneste.

Treng fleire jenter

Ho har bestått dei fysiske testane og har alt vore ute på utrykking. Elisabeth Mattingsdal (29) er første kvinne som har valt brannkonstabel som deltidsyrke i Vindafjord.

Publisert Sist oppdatert

I november i fjor auka talet på kvinnelege brannkonstabler i Etne og Vindafjord brannvesen til det doble, og i dag har begge kommunane kvar si kvinne i brannkorpset. Elisabeth Mattingsdal frå Sandeid blei den første kvinna i Vindafjord som fekk seg jobb i det herredominerte yrket, nesten to år etter sin kvinnelege kollega Lise Åsheim ved brannstasjonen i Skånevik. Til dagleg har den ferske brannkonstabelen arbeid som fengselsbetjent ved Sandeid fengsel, og det var her ho blei introdusert til yrket.

— Det starta med ein kollega som er med i brannvesenet i Skjold og som trudde eg kunne passa i brannvesenet, fortel den ferske brannkonstabelen.

29-åringen måtte tenkja seg litt om før ho tok steget og bestemte seg for å søkja.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS