Skånevik skule. Bygda har også barnehage.
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Tre vil bli rektor og to vil bli styrar
Desse nye rekrutteringane oppstod etter at Torhild Molland takka ja til stillinga som styrar i Enge barnehage. Ho tar over etter Gerd Toril Lindvik Arnestad, som har vore styrar i Enge i nesten 20 år. Molland starta først som styrar i barnehagen, men har dei siste åra kombinert rolla som både rektor ved Skånevik skule og styrar i Skånevik barnehage. Kommunalsjefen for oppvekst og kultur, Mona Rasmussen Sævik seier at ein no har valt å lysa ut stillingane som to separate roller.
— Eg trur det er lettare å få søkjarar til to stillingar enn til éi, seier kommunalsjefen.
Søknadar til rektorstillinga