Etne musikklag øver til felleskonsert med Odda og Haugesund komande torsdag.
Foto: Privat
Tre korps med felleskonsert
Etne musikklag inviterer til vårkonsert på Skakke og med seg på laget har dei to andre musikklag frå Odda og Haugesund.
Det nærmar seg mai og kva er vel denne tida på våren utan korpsmusikk? Det spørsmålet stiller styreleiar i Etne musikklag, Odd Steinar Kvinnesland når han på vegner av Etne musikklag inviterer til konsert på Skakke, torsdag 27. april.
— Me får besøk av Odda musikklag og Heimdal musikklag, så dette håpar me blir ein flott vårkonsert og at folk får seg ei god musikalsk oppleving, seier Kvinnesland.
Konserten er på rundt halvannan time og finn stad i kinosalen på Skakke. Det blir også og lagt inn pause til drøs, og det blir høve til å få kjøpt både kaffi og diverse anna godt i foajeen.