Steinar Aalvik
Steinar Aalvik

På tampen

Tre far i snøen

Publisert Sist oppdatert

Det var ein vinter for lenge sidan. Eg meiner det var i 1970 at den kvita boblo kom til Åsen, så det må ha vore før den tid. Han far kom inn frå fjosen og morgonstellet. Han sette seg til frukostbordet og fortalde at i dag tidleg var det tre far i snøen gjennom tunet. Det i midtarste var hjulparet til ein Tempo Corvette, og dei to andre var føtene til Anna Steine.

Ho var husmorvikar. Ho måtte til når det røynte på. Då kom Anna Steine og tok seg av alt det praktiske. Og ikkje berre det, ho hadde ein måte å vera på som gjorde at ting vart lettare å bera, for dei som opplevde at ting vart for bale. Anten det no var ei utsliten mor, ein hjelpelaus far eller redde born. Sjølv når ho ikkje rek rundt i bygda, først på sykkel så moped og seinare i bil, og stelte til dagane for folk, var Åsen ein god stad å koma til, for dei som trong å finna eit fotfeste; når det var noko».

Før den tid avløyste ho far sin, som var postbod. Det var å sykla til sjøen, for så å bringa posten, først til Børkjenes så utover på Sørstrondo, og heilt til Bjørgjo. Verdipost skulle leverast på døra og i neven, anna post kunne kassane ta imot. Elles var det gardsarbeid. Når det gjekk mot sommar måtte ho ned til han Nils, og få han til å slipa ljåen. Så svinga ho langorven som ein kar. Ofte hang orvet i ein apal eller eit plommetre. I seinare tider hende det at det stod ei krykkje å støtta seg til plommetreet, og då var orvet borte, før dei bytte plass att, orvet og krykkja. Så hang ikkje orvet der lenger.

Var det ein pasdunge som låg ein plass, var det ikkje lenge før det kom ei trillebår der, og ein hoggestabbe, og ei øks. Dag for dag minka pasdungen og vart til ein haug av småved. Når våren kom og det tørka, var trillebåra ein dag full av småved, og brått var haugen borte.

Anna var ivrig i foreiningslivet. Ikkje minst i den særsørstrondske fråhaldslosjen. Siste gongen eg snakka med henne, fortalde ho om då ho og tante Inghild skulle til Skånevik på eit kvartslags møte. Dei sykla rundt skåneviksstrondo. Dei hadde slege seg laus og kledd seg i langbukser. Då dei nærma seg Skånevik måtte dei opp i buskane og kle seg om til skjørt. Ja sånn var det då»; sa Granneanna, og lo.

Powered by Labrador CMS