Kommuneoverlege Terje Kleiven.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Travle tider på legevakta
— Det har vore travelt på legevakta frå eit par dagar før jul. Talet på pasientar har dobla seg i forhold til normal drift, og ofte er det opp mot 20 pasientar på kvar vakt, seier kommuneoverlege i Vindafjord kommune Terje Kleiven.
Virus-og bakterieinfeksjonar som fører til luftvegsplager og feber er hovudårsaka til den store pågangen på legevakta.
— Folk kan bli ganske dårlege, seier han.