Terje Halleland (Frp) hadde det travelt under valkampen i 2021 (bildet). Nå har han det travelt med å få olje- og energiministeren til å godkjenne Statnett sin søknad om ny 450 kV-linje gjennom Etne og Vindafjord til Haugaland Næringspark ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Terje Halleland (Frp) hadde det travelt under valkampen i 2021 (bildet). Nå har han det travelt med å få olje- og energiministeren til å godkjenne Statnett sin søknad om ny 450 kV-linje gjennom Etne og Vindafjord til Haugaland Næringspark

Stortingsvalet 2021

Travel kveld for Halleland

Stortingskandidaten Terje Halleland (Frp) frå Vindafjord sprintar mellom tv-studio og valvaker både i Haugesund og Karmøy måndag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Grannar trefte på den travle vindafjordingen på Haugesund Frp si valvake på Folkepuben i Haugesund ved 19.30 måndag. Då kom han rett frå direktesending på Tv Haugaland, tok eit kjapt intervju med NRK og Grannar, og rekte ein liten kaffitår før han hasta vidare til partivener på Karmøy.

Spent på om dei klarer tre

Han kjenner seg trygg på at hans eiga kandidatur, som 2. mann på Rogaland Frp si liste, held til sin andre periode på tinget.

— No er eg mest spent på om vi kan sikre det tredje mandatet. Om gallupane er nokon lunde til å lite på, så kan det skjer. Det ville ha vore fantastisk, slår han fast.

Frp har vore i ein bølgjedal undervegs på målingar, men har sett ei oppside den siste tida.

— Det har vore mange diskusjonar om klima. Nokre parti seier at det betyr at vi må avslutte oljesektoren. Der ser nok fleire med oss at ein må ha to tankar i hovudet samstundes. Det trur eg har løfta oss, seier han.

Utanfor puben hadde Haugesund Frp pynta med både oppblåsne Frp-eple og – nettopp eit oljefat.

Ungdomsløft

Halleland synest det er spesielt gledeleg og overraskande at mange ungdommar ser ut til å vere einig med Frp om at det ikkje går an å skru oljekranene av med ein gong.

— I skulevalet kor Frp fekk eit godt løft, i staden for det mange trudde, at miljøpartia skulle lukkast betre enn dei gjorde, poengterer han.

— Korleis skal du feire om alt går Frp sin veg i kveld?

— Då blir det nok ein øl, eller to og kanskje til og med tre, smiler vindafjordingen før han kastar seg i bilen for å haste vidare til Karmøy.

Powered by Labrador CMS