Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kinosjef Ingvild Slåke, og dagleg leiar på Skakke Gøril Eidhammer ser fram til ein innhaldsrik kulturhaust på Skakke. Foto: Grethe Hopland Ravn
Kinosjef Ingvild Slåke, og dagleg leiar på Skakke Gøril Eidhammer ser fram til ein innhaldsrik kulturhaust på Skakke.

Travel haust på kulturhuset

Publisert Sist oppdatert

Det første som skjer i Etne si storstove er for dei minste, og finn stad i biblioteket allereie laurdag. Då kjem politihunden Peter og politibetjentane på besøk, og dei planlegg eit show som passar for heile familien. Eit nytt kinotilbod er også dukka opp på plakaten på Skakke, for nokre tysdagar blir det nå vist film på føremiddagen.

— Det er ikkje seniorfilm, som me gjerne kalla det før, men filmframsyning for alle vaksne som har fri ein tysdag føremiddag. Her vel me gjerne ut filmar som utmerkar seg på ein spesiell måte, seier Gøril Eidhammer, dagleg leiar på Skakke.

Film er også noko Skakke ønskjer å gjera meir ut av, og fredag 24. september blir det framsyning av den franske filmen Duften av roser. Dette er ifølgje Eidhammer ein nydeleg film, og når filmframsyninga er ferdig, blir servert tapastallerken med god vin til.

Powered by Labrador CMS