Frå Vestre i Skjold. Foto: Privat
Frå Vestre i Skjold.

Trafikkulykke på E134

Publisert Sist oppdatert
Klokka 16.35 onsdag melder Vegtrafikksentralen vest om ei trafikkulykke med to personbilar involvert på E134 ved Kallstveit i Skjold på Twitter. Det er redusert framkomst på staden, ifølgje politiet.

Politiet i Sør-Vest opplyser to bilar skal ha hatt eit samanstøyt i 60-sona. Ingen personar skal vere alvorleg skada, men ein person er frakta til sjukehus med smerte i rygg og nakke opplyser operasjonsleiar Brit Randulf til Haugesunds Avis.

Kort tid før 17.00 har bilar på staden fått beskjed om at vegen er stengt. 16.56 oppdaterer vegtrafikksentralen med at politiet er på staden og trur vegen ikkje blir stengt så lenge.

17.14 melder sentralen at vegen nå er open for trafikk.

Klokka 17.43 melde politiet at begge dei involverte bilene er fjerna frå staden.

Det oppstod lange køar både austover og vestover som følgje av hendinga.
Powered by Labrador CMS