Illustrasjonsfoto
Trafikkulykke nord for Ølen
Ein bil har kollidert med ein hjort nord for Ølen sentrum på E134. Bilen bak der igjen kolliderte i bilen, melder Sør-Vest politidistrikt på Politiloggen klokka 20.25.
—Involverte personar står fram som uskadd, og det er berre materielle skadar, melder Sør-vest politidistrikt.
Hjorten skal ha omkomme i samanstøtet. Trafikkulykka skjedde cirka klokka 19.45.