Leiar i Etne Husflidslag Eli Aga (t.v.) rettleiar Annbjørg Bue ved veven. Leiaren har 40 års erfaring med å veva.
FOTO: RENATE SÆVAREID
Bygg og bu
Tradisjonar møter trend
Vevkunst er blitt trendy igjen, og ifølgje Norges Husflidslag er det på frammarsj, særleg blant unge. I Etne Husflidslag har dei merka ei aukande interesse for vevkursa sine, og dei er veldig glade for at fleire unge har fått auga opp for handverket. Dei ønskjer å trekkja med seg endå fleire unge inn i vevverda.
I ei tid der handarbeid og berekraft er i vinden, finn mange gleda i å skapa noko med eigne hender. Vevde produkt gir ikkje berre eit personleg preg, men har også tilknyting til tradisjon og kultur. Interiørdesignarar ser korleis folk brukar vevde tekstilar for å skapa varme og særpreg i heimane sine, frå handlaga veggteppe til puter, tepper og løparar.
Frå gammalt til nytt