— Det er nok dei som går meir enn meg, men det handlar om kvar ein går, seier Hans Egge, som med årets utmerking er blitt kåra til Årets turist for fjerde gong på rad.
Den spreke 75-åringen er ein ivrig turgåar og legg ikkje berre turane til heimbygda Skjold. På turlista står også Vindafjord kommune sine toppturar, der målet er å gå ein topptur i kvar bygd.
— Eg likar å lea meg litt, seier den ivrige turgåaren.